Konsert i Døsæ

Felehola

Festmåltid og konsert i fjellhole...

 

 

 

Henta frå "Bygdejol - årbok for Kvam Sogelag, 2005", Johannes Seljebotn:

Solobservatorium på Fykse i førhistorisk tid

Døsæ på Fykse, ligg ca. 50m over fjorden i eit stort urkompleks. Faktisk svært stort. Heile garden kviler på meir enn ti millionar kubikkmeter stein. Steinblokkene er svært store og hovedsakleg består denne svære ura av ein glimmergneis somme stader med soner av granatamfibolitt og granodioritt.

Danninga av Fykseura

Urkomplekset er mest truleg danna av at vatn har vaska ut ein marmorgang som i dag strekkjer seg vest-aust frå Fleto/Nipen til kring ein halv kilometer innanfor stølen Nyasete 540 meter over havet. Marmorgangen er mellom åtti og hundre meter brei og 2,5 kilometer lang. Kor djupt vatnet har grave er det uråd å seia. Rein marmor er monomineralsk. Det vil seia at den er danna av berre eitt mineral, nemleg kalkspat. Kalkspaten er lett løysleg i vatn og er nok ansvarleg for den høge pH-verdien på drikkevatnet på Fykse. Svært mykje av det som i daglegtale vert kalla marmor, er eigentleg dolomitt, kalkstein eller blandingsbergartar. Analysar av marmoren frå Fykse, kjenner eg ikkje til.

Mot slutten av førre istid kan breelvane ha grave seg ned i denne marmotgangen og danna eit gjel rett vestover, som endar på Fykse. Etter kvart som gjelet har vorte djupare har glimmergneisen som marmoren ligg i losna og og rasa ned i gjelet i store flak og blokker frå båe sider. Det forklarar dei spektakulære sprekkene ein kan sjå på overflata i dag. Området ber og det skildrande namnet Holåsen.

Gjennom gjelet er det truleg transportert mykje lausmassar, noko som kan ha danna grynna som kryssar sundet ved Fykse. Deretter har ytste delen av gjelmunningen rasa ut og danna urkomplekset Fykse ligg på i dag. Det er nesten sikkert at det her dreiar seg om eit svært omfattande grottesystem i form av enorme sprekker mellom steinblokkene øvst i gjelet. Dersom det er att marmor, finst det og truleg marmor- og kalksteinsgrotter. Desse kan vera svært spektakulære. Hundanipen og Pilæ, er klare indikatorar på kvar gjelet tek til i dag. Derifrå er det lett å fylgja sprekkdanningane austover til dei endar i fast fjell.
solobservatorium1

Døsæ

Dette ifølge dei nyaste geologiske kartverka frå 2001. Området er kjent for svært mange og store urahol. Ei av desse vert kalla Døsæ og utmerkar seg på mange måtar. Fleire av holene her er tilmura og har vore nytta som koldeholer. Kald og fuktig trekk frå grunnen og eit stort kuldemagasin i steinblokkene, gjer dette til framifrå oppbevaringsplass for mat. I koleholene vart poteter, frukt og grønsaker lagra i den varme årstida. Seinare har dei òg vore bruka til hermetisert kjøt og andre varer i hushaldet. Slik bruk eignar ikkje Døsæ seg til. Denne underlege hola har nok heller ikkje vore nytta som buplass då det ikkje er vatn i nærleiken. Likevel er ho tilmura med trepper, flate golv og andre anretningar. Dette området ytst i Fyksesundet har fleire gamle sagn om Gygra og ungane hennar (Per og Helga), risar og jotnar. Desse sagna er å sjå på som den eldste bevarte delen av Norgeshistoria, og dei har vandra på folkemunne gjennom nesten 1000 år med kristendom.

Sagnet om Gygra har eg fått høyra slik:

I Fyksesundet budde det ei gyger i gamal tid. Me veit ikkje namnet hennar, men ho må ha vore stor og svær, for me ser fâr etter henne den dag i dag. Lenge levde ho i fred og ro, og ho hadde to born, Per og Helga. Dersom sola skin på dei vert dei til stein, slike gamle trollkjerringar. Gygra fekk ein dag høyra at kristendomen var komen til landet, og vart fælande redd. For å berga seg, ville ho stengja seg inne i sundet, slik at ingen kunne nå inn dit. Ho ville sperra sundet med stein. Ho vassa utgjennom fjorden og sette tog rundt ei svær øy. Innover fjorden slitna den sund litt og litt. Varaldsøy vart liggjande att. Det same vart Kvamsøy. Det siste som var att, var Rossholm, som ligg like utanfor Steinstø. Då ho skulle dra holmen som var att, den siste biten inn i sundet, slitna toget, og gyrgæ på ræv inn i fjellet på andre sida, og sette eit svært merke etter seg. Holet i fjellet, heiter Gygraræva den dag i dag.

Fortvila som ho var over at forsøket mislukkast, sende ho borna sine opp i lia for å velta ned stein. Det er mykje stein i Fykseliane, og ho ville heller sperra det på den måten. Dei så gjorde. Men Gygra hadde i alt virvaret gløymt av kor langt det leid. Før dei visste ordet av det, kom sola opp over Storhoggo, og dei vart til stein begge alle tre. Helga stod nede ved sjøen. like innanfor der brua går over i dag, og steinen heiter framleis Helgastein. Per kom litt lengre, og då dei fyrste solstrålene skein den morgonen, var han komen like nedanfor der Nyastoveløa ligg i dag. Der ligg Perastein.

...en Bautasteen og en merkverdig hule

I dag kan me bruka desse sagna som indikasjonar på vegen mot ny og viktig kunnskap om fortida vår.

I samband med registrering av nokre bautasteinar og steinkretsar over på Lund gard i samanheng med studiar av Lundaneshaugen (Øystese) i 1998-1999, vart eg interessert i denne hola på Fykse, sommaren 2004. Etter granskingane eg gjorde rundt sommarsolkverv (21. juni) 2004 er eg overtydd om at Døsæ har vore nytta til observasjonar av solbanen gjennom året. Det er ikkje urimeleg at Døsæ også har vore nytta til observasjonar av månen og rørslene til somme planetar, kanskje også stjernene vart studert her i førhistorisk tid. Døsæ er høgst truleg ein konstruksjon av monolittisk karakter sjølv om mesteparten er naturleg danna.

Det har vore synt interesse for dette fenomenet tidlegare. Biskop Neumann tok turen oppom Fykse på ei ferd i Hardanger alt i 1825. Han kjende til Døsæ, og det var dette fenomenet som drog han hit. Korleis han hadde fått nyss om det, og kva han visste eller trudde om bruken i tidlegare tider, veit me ikkje. Men det må ha vore noko heilt utanom det vanlege. Han skreiv i eit referat frå turen:

" Hvad jeg her vilde see, var en Bautasteen og en Merkverdig hule. Bautasteenen staaer tæt udenfor Husene mod Sydvest, er 6 alen 3 Tommer lang, 5/4 Alen bred i den nederste, men 3/4 i den øvre Ende og 4 til 5 Tommer tyk, og viser sig i heldende Stilling. Man kalder den Pilen, og Sagnet om den er det trivielle, at den blev kastet fra den modsatte Side af Sundet hidover af en Jutul, som forgjæves havde beilet til en christen Qvinde paa denne Side. Bedre Besked vidste den gamle Kone ikke, til hvem jeg henvedte mig."

Han fekk altså høyra sagnet som eg har fått høyra fortalt slik:

"I gamle dagar, då troll og jotnar levde, budde det to slike på kvar si side av Fyksesundet. Den eine heitte Fuks, og budde på Fykse. Den andre var Frode, som heldt til på Froastad. Dei to var vener og vêl forlikte, og gjekk ofte til kvarandre på vitjing. Det rådde fred og god grannskap. Så vart det slik at begge to vart forelska i ei kristen kvinne. Båe ville ha henne, men berre ein kunne få viljen sin. Det vart til at brudlapet stod på Fykse, med Fuks som brudgom.

På Froastad sat Frode med ein stein for bringa. Og då han såg brura steig ut av brureloftet og det blenkte i sylvstasen, vart det for mykje for han. Han ville ikkje lata denne kvinna koma mellom dei to gode venene. Frode tok i, og spende sin boge for kne, og skaut ei pil, som vart ståande like vest for tunet på Fykse. Der stod den til i 1880-åra, då den vart sundslegen og lagd i ein husmur."

Vidare skriv han om "den mærkverdige hule":

"Nu gik vi til Døsen, saa kaldes den underjordiske Hule, som ligger i en lav Forhøyning nede i en tæt til Gaarden grensende Dal. Denne Hule har 2 Aabninger, en mod Øst og en mod Vest. Igjennem hiin gaaer man sædvanligen ned i den. Men Gangen var besværlig nedover og imellem de store Klippestykker, der ligge for dens Munding. Naar man er kommen ned i Hulen, synes der at lukke sig. Der er ganske mørkt derinde, undtagen ved Mundingen hvor man skimter nogle Dagstraaler, som falde på den klæbrige Moos, hvor med Indgangen er ved Siderne bevoxen, og i dens vestlige Ende hvor Lyset flder ind af et snævert Hul, dog uden at række langt. Har man været en Tidlang inde, og vendt sig bort fra det Lys, der falder ind fra dens østlige Munding, saa opklares Gjanstandene trindt om, som af en svag Dæmring, og man seer Hulens Hvælving under Taget, og dens Vægge, og de collosale Fjeldblokker paa dens Bund. Jeg lod imidlertid Lygter hente, og ved Hjælp af de tændte Lys fik jeg Alt seet nøie, og turde nu kravle hen over stenblokkene.

Midt i Hulen fandt jeg en Revne i dens Tag. igjennem hvilken Dagen brød ind, men i skjæv Retning; og jeg kom endelig til dens vestlige ende, hvor Dagslys atter var at skimte, og her krøb jeg, men besværligen nok, eller rettere sagt skjød mig opad og ud af det trange Hul, som her fører til Oververdenen. Hulen er lidt over 40 Alen lang, 7 1/2 Alen under Taget og ligesaa bred; Temperaturen i den var yderst kold. Dens Tag bedækkes ovenpaa af Jord og Buske. For Resten vidste Ingen at fortelle mig noget om den.

Eit universelt system

Forskarar over heile verda har sidan den tid granska liknande fenomen, og i dag kan me gjerne seia noko om kva denne "merkverdige Hule" har vore nytta til.

Ulike variantar av solobservatorier har som kjent vorte konstruert og nytta over heile planeten gjennom meir enn 5000 år. Denne delen av Norgeshistorien er er overaskande lite utforska og det eksisterar svært lite litteratur om emnet, i praksis derimot er det svært mange spor etter slik aktivitet. Det største kjende fornminne på Vestlandet med klart samband til solbana, er nok Karnilshaugen ved Sandane i Gloppen. Den er også det største kjente menneskebyggde fortidsminne på Vestlandet. Karnilshaugen er ca. 55m brei og ca. 10,m høg og berre eit av svært mange fortidsminne med forbindelsar til solbana. Desse varierar i storleik og utforming frå små grupper med skålgropar og hellerissingar, til store grupperingar av bautasteinar, steinkretsar og gravhaugar. Solstudiar i forhistorisk tid er det på tide å granska nærmare då dette kan vera nøkkelen til viktig kunnskap om ein lang epoke av vårt kulturelle opphav og forhistorie.

I Døsæ på Fykse vart solobservasjonane utført ved å plassera kvit kvarts og bautaforma steinar i solstrålane som passerar inn i hola gjennom opningar i taket og i begge endar.

Kvit kvarts har ein heilt unik lysbrytningseffekt. Når direkte sollys treff kvartsen i eit heilt mørkt rom, lyser den som ei lyspære. Dette førekjem i Døsæ og skapa rein fantastisk lyseffekt. Posisjonen til steinane markerar punkta solstrålane treff på dei ønskelege tidspunkta i året. Sommarsolkverv, vintersolkverv, haust- og vårjamndøger samt andre merkedagar som var viktige for folket som heldt til her. Det er ein heilt unik konstruksjon i den sørlege enden av Døsæ. Ei stor spiss steinblokk står sentrert i hola med spissen berre få centimeter frå taket. I nordenden av denne steinblokka står ein reist bautastein og fleire liknande steinar ligg like ved. Området oppå og rundt Døsæ har i dag fleire intakte steinkretsar og velta bautasteinar, men mykje har nok gått tapt.

Ut frå eit slikt solobservatiorium er det mogleg å konstruera eit system av retningsliner og posisjonar ved å studera solbane, landskapet, gamle sagn og andre fortidsminne frå samme tidsepoke i området.

Systemet er universelt og har kome for dagen etter omfattande forskning både internationalt og her til lands.

Desse linesystema vil det føra for langt å koma inn på her, men me finn dei att mellom anna i Stonehenge i England, ein konstruksjon som skal vera meir enn 5400 år gamal. New Grange, Tara og Dowth-anlegga i Irland er òg eksempel på slike system. Desse linene varierar mykje etter det omliggjande landskapet og staden sin posisjon på planeten. Når retningslinene er trekte er det berre å fylja desse og det er mykje truleg at ein finn andre fornminne som stadfestar at slik aktivitet har gått for seg på den aktuelle staden. Dette er sjølvsagt ingen fasit, men ein svært viktig indikator.

Gamle stadnamn og kallenamn er også viktige indikatorar i leitinga etter ukjente fornminne og gløymt histore.

I Øystese er Lundaneshaugen, bautasteinane på Lund gard og kultstaden på Mikjelsflaten døme på slike system her i bygdene. Lundaneshaugen er senteret, Mikjelsflaten vert nøyaktig nord og Bautasteinane på Lund gard nøyaktig vest frå dette senteret.

Dreg ein linjene gjennom senteret får ein eit kryss som som representerar nøyaktig dei fire himmelretningane Nord, Sør, Aust og Vest. Då eg nytta dette systemet på Fykse fann eg heilt klart eit samband mellom Døsæ og Svarthammaren på den andre sida av Fyksesundet. Her trekte eg ei line vestover gjennom Holåsen og den markante fjellformasjonen Pilæ til Døsæ vidare til Helgastein frå sagnet om Gygra, og vidare til Svarthammaren.

Solkult og Fruktbaheitsritualer heng ofte tett saman. På Svarthammaren fann eg raskt to fallosar den eine svært stor. Eg er overydd om at Svarthammaren må reknarst som ein kultstad med nært samband til Døsæ på Fykse.

Kontakt over havet

Solkult er eit internationalt fenomen og i aller høgste grad ei form for naturdyrking. Solkult er også ofte kobla saman med andre element i naturen som måne, stjerner, planetar, eld, vatn, særs fruktbare områder, menneskleg fruktbarheit, særeigne former i landskapet, mineraler med spesielle eigenskaper, tre som eik og ask, medisinske urter, matplanter og frukt, jakt, fiske og lokale vær og klimatiske tilhøve for å nemna noko.

Det religiøse aspektet som fruktbarheitsritual, offerfestar ved sommarsolkverv, vintersolkverv, jamndøgra eller andre merkedagar, ritual ved død, fødsel og andre viktige hendingar i livet, er truleg òg viktig for å forstå denne kulturforma.

Det praktiske og vitskaplege aspektet er nok likevel det viktigaste.

Tidsrekning, navigasjon og kunnskap om syklusane til sola, månen og jorda, var nok på den tid like viktig som i vår tid. Kunnskapen frå slike solstudiar er tilstrekkeleg til å rekna ut omkretsen til jorda, og til og med forutsei både sol- og måneformørkingar. Der er svært spanande å finna at me nordbuar dreiv med dei same solobservasjonar som verdas flinkaste byggmeistrar konstruerte pyramidane etter.

Ein kombinasjon av lokal arkeologisk kunnskap og astroarkeologisk kunnskap frå liknande anlegg på dei Britiske øyane vil vera med å kasta eit klarare lys over Døsæ på Fykse, og andre liknande anlegg her ikring. Det er mykje som tydar på at Vestlandet svært tidleg hadde kontakt over nordsjøen. Fornminna på dei britiske øyane og vestlandet er i mange tilfelle identiske attende til før bronsealder. Til og med genforsking stør oppunder at det har vore tett kontakt. Kanskje nådde keltarane lengre enn ein tidlegare har trudd?

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Telefon (+47) 97 16 85 11 Nettside: Logolink