Spanande gjestebod i Hardanger – der måltid er meir enn berre mat

Gamlastovo Gardsrestaurant på Fykse er ein av dei mest unike, ekte og intime gardsrestaurantane i Hardanger. Gamlastovo er ei koseleg tømmerstove frå 1810 og ligg i eit roleg grendemiljø med fantastisk kulturlandskap. Det vert servert rettar av heimeprodusert og lokal mat. Restaurant og selskapslokale som passar for alle typar feiringar. Garden har eige pølsemakeri og byr gjestene smaksprøvar og høve til kjøp av lokale kjøtvarer. Nydelege dessertar og drikke fra eigen hage.

God mat og ekte kultur

Gardsrestauranten, som vart etablert i 1995, har  oppnådd eit ry som ein av dei mest spesielle og beste serveringsstadene i Hardanger.  Me ynskjer og å syna gjestene våre eit prisløna kulturlandskap gje dei kjennskap til moderne næringsliv i ei typisk Hardangergrend.
Grenda Fykse vart i 1999 løna med "Kulturlandskapsprisen" av Fylkesmannen i Hordaland. Ingen andre stader i Hardanger har oppnådd ei utmerking som dette m.o.t stell og bevaring av kulturlandskap.

All maten vert laga på garden av lokale råvarer.

Dette er opplevinga for dei som lengtar attende til dei gode gamle dagane utan ferdig-pizza og kunstige E-stoff, eller dei som berre ynskjer å oppleva noko ekte. Maten me serverer i Gamlastovo anten dyrka på garden, eller produsert lokalt. Me brukar berre råvarer av høg kvalitet.
I røykjehuset står det fulle saltestampar. Hyllene er fulle av heimelaga syltetøy, hermetisert frukt og bær. Sauene beitar fredeleg borte i bakkane om våren - utan tanke på at dei til hausten skal varta velsmakande pinnakjøt.
Gamlastovo Gardsresturant har eigen eplehage med velsmakande Hardangereple. Av epla lagar me saft som blir servert til middagane våre.

 

logo

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Telefon (+47) 97 16 85 11 Nettside: Logolink